Hopp til innhold
X
Innhald

Pickup

Pickup (engelsk ’plukke opp’), ord med fleire bruksområde.

For det første er ein pickup ein elektromagnetisk «stift» for avspeling av grammofonplater, som omformar den mekaniske rørsla som bølgjene i rilla lagar, til elektriske svingingar som blir forsterka og går til høgtalarane.

For det andre blir ordet brukt om ein maskindel, til dømes på skurtreskjarar, som tek opp skore stråmateriale frå marka.

For det tredje er ein pickup ein liten lastebil.

For det fjerde er det namnet på ein elektromagnetisk «mikrofon» som plukkar opp vibrasjonar i ein streng i nærleiken. Ein enkel pickup har ein leiar, til dømes ein kopartråd, som er vikla rundt ein magnet. Vibrasjonane i strengen forstyrrar magnetfeltet rundt spolen, og dette induserer ein liten vekselstraum i leiaren. Pickupen er ein viktig del av mellom anna den elektriske gitaren.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.03.2018
Sist oppdatert: 02.03.2018