Hopp til innhold
X
Innhald

Piezoelektrisitet

Piezoelektrisitet (av gresk piezein, ’trykkje saman, snøre saman’), form for elektrisitet som oppstår når visse krystallar, særleg bariumtitanat og kaliumnatriumtartrat, blir utsette for eit mekanisk trykk. Dette blir til dømes utnytta i krystallpickupar til platespelarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2018
Sist oppdatert: 26.09.2018