Hopp til innhold
X
Innhald

Relé

Relé (av fransk relais, ’avløysing’), ein type utstyr som gjer at ein ved låg effekt kan bryte eller slutte kontaktar i ein krets med høg effekt. 

Samuel Morse brukte allereie kring 1840 relé for forsterking av telegrafsignal. Etter kvart tok elektronrøyr, og sidan transistorar, over på mange område for tradisjonelle relékonstruksjonar. 

Eit relé fungerer ved at eit styresignal aktiverer ein elektromagnet som opererer ein brytar i hovudkretsen ved å flytte på eit jernanker.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.03.2018
Sist oppdatert: 02.03.2018