Hopp til innhold
X
Innhald

Sampling

Sampling (engelsk, til sample, ’prøve’), uttrykk som mellom anna blir brukt om ei utvalsundersøking. 

Dette er ei undersøking av eit avgrensa, tilfeldig utval av ein heilskap som blir gjort for å kunne danne seg ei meining om eigenskapar i den heilskapen utvalet er ein del av.

Vidare er sampling det første steget i omdanning frå analoge til digitale signal. Nivået til inngangssignalet blir prøvd og lagra ved faste intervall, ofte fleire tusen gonger i sekundet. Denne prosessen gjer eit kontinuerleg signal om til eit diskret signal. Kvar prøve blir deretter kvantisert for å få ein fullverdig digital representasjon av inngangssignalet.  

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.03.2018
Sist oppdatert: 02.03.2018