Hopp til innhold
X
Innhald

Satellittnavigator

Satellittnavigator, elektronisk instrument som gir nøyaktig geografisk posisjon basert på elektroniske signal frå navigasjonssatellittar. 

Slike instrument nyttar som regel GPS-systemet (Global Positioning System), som er svært nøyaktig.

Dei fleste nyare smarttelefonar, bilar og andre framkomstmiddel er utstyrte med denne funksjonaliteten. Satellittnavigatorar eksisterer også som eigne berbare apparat som er laga for forbrukarmarknaden. Ein statisk satellittnavigator kan gi ein posisjon som er nøyaktig ned på millimeteren.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.03.2018
Sist oppdatert: 02.03.2018