Hopp til innhold
X
Innhald

Simulator

Simulator, apparat eller dataprogram som etterliknar ein teknisk operasjon. 

Simulatorar blir ofte nytta i opplæringssamanheng, til dømes i opplæring av flygarar, fordi dei ved hjelp av eit programmert elektronisk dataanlegg simulerer dei ulike påverknadene eit fly blir utsett for, og reagerer på bruk av spakane nøyaktig som eit fly ville ha gjort.

Datasimulering er også mykje brukt i forsking og utvikling for å teste og verifisere funksjonaliteten til eit system eller produkt utan å først måtte bruke store summar på produksjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.03.2018
Sist oppdatert: 02.03.2018