Hopp til innhold
X
Innhald

Termistor

Termistor (av gresk therme, ’varme’), elektrisk motstand som har ein resistans som varierer med temperaturen, slik at resistansen minkar når temperaturen aukar. Termistorar blir laga av halvleiande material, spesielt metalloksid som blir sintra saman ved høg temperatur. Dei blir mellom anna brukte til temperaturmåling og til kompensering av temperaturvariasjonar i måleinstrument.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2018
Sist oppdatert: 26.09.2018