Hopp til innhold
X
Innhald

Trykte kretsar

Trykte kretsar eller trykte leidningar, leidningstype som blir brukt i elektronikken i staden for vanlege leidningar. Den vanlege framgangsmåten er at ei plastplate blir dekt med ein koparfolie. Deretter legg ein lakk på staden der leidningsføringa skal vere. Ved etsing i etterkant vil koparen bli etsa vekk der det ikkje er lakk, og leidningssystemet blir sitjande att.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2018
Sist oppdatert: 26.09.2018