Hopp til innhold
X
Innhald

Byte

Byte (frå engelsk), dataomgrep som viser til ei gruppe med bit som blir behandla under eitt i ei datamaskin.

I moderne datamaskiner inneheld ein byte åtte bit. Byte blir særleg brukt som mål for lagringskapasitet. 

Desse prefiksa og forkortingane er i vanleg bruk: kilobyte, kB, 1024 byte; megabyte, MB, 1 048 576 byte; gigabyte, GB; 1 073 741 824 byte; terabyte, TB, 1 099 511 627 776 byte.

Sjølv om prefikset kilo i SI-systemet blir brukt om eitt tusen, mega ein million, giga ein milliard og tera ein billion, brukar ein i datamaskinsamanheng tal som lèt seg uttrykkje som multiple av 1024 (1024 = 2 i tiande potens), så 1 MB er 1024 kB, 1 GB er 1024 MB og 1 TB er 1024 GB.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.09.2018
Sist oppdatert: 20.09.2018