Hopp til innhold
X
Innhald

CSS

CSS blir brukt til å lage stilar, det vil seie definisjonar av utsjånaden til element som fontar, fargar, avstandar osv. i HTML-dokument, uavhengig av innhaldet. 

CSS, Cascading Style Sheet («strøymande stilark»), tillegg til markeringsspråket HTML, utvikla av W3C (World Wide Web Consortium). CSS blir brukt til å lage stilar, det vil seie definisjonar av utsjånaden til element som fontar, fargar, avstandar osv. i HTML-dokument, uavhengig av innhaldet. 

Det same stilarket kan brukast på mange dokument, og fleire stilark kan brukast samtidig på same dokument (derfor ordet «kaskade»). Det opnar for fleksible layout-løysingar og gir høve til attkjenneleg presentasjon i ulike medium (til dømes utskrift, skjerm, mobiltelefon).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.06.2018
Sist oppdatert: 14.06.2018