Hopp til innhold
X
Innhald

Domenenamn

Domenenamn, ei adresse som identifiserer ein internett-node (eit knutepunkt, til dømes ein server). 

Ein verdsomspennande, desentralisert database, DNS (Domain Name System), er lagt opp slik at den vanlege internettbrukaren kvar som helst skal kunne finne ein nettstad ved å skrive eit attkjenneleg namn i staden for talgruppene i ei IP-adresse. 

Eit domenenamn har minst to element, til dømes allkunne.no. Her er elementet til venstre namnet på selskapet, institusjonen eller organisasjonen. Elementet til høgre blir kalla toppdomenet, TLD, (Top Level Domain). Det kan stå for eit land, til dømes no for Noreg, eller for typen organisasjon: com for kommersielle selskap, edu for utdanningsinstitusjonar osv. Under toppdomena ligg fleire underdomene, i eit hierarki. Toppdomena blir fastsette av ICANN (Internet Corporation for Assigned Names and Numbers). Underdomena blir delte ut på stadig meir lokale plan nedover i hierarkiet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018