Dos er ein stakk av kraftig stoff, oftast ull, som blir brukt som ytterplagg utanpå ein understakk.

Faktaboks

Uttale
dås
Også kjend som
dòs, dås (vanleg), døs (Hol, Valdres, Nordvestlandet), doss eller dåss (Voss), døss (Roan), fleirtal doser (vanleg), dèsa, dæsa (Sogn), og elles døsa, døse, dæss, dæssu, doss, dosja, døss, dåss.

Ei smålagd dos har smale faldar, til skilnad frå ei breilagd dos som har breiare faldar. Det siste er kjent frå Jølster.

Ein seier å ha dos, gå med dos, bruke dos, vere dosekledd og skiljer mellom brurados, masjonsdos og kyrkjedos.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Aagot Noss: Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark, 2003; Lad og krone, 1991; Klesskikk i Tinn, 1999; Nærbilete av en draktskikk, 1992

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg