Hopp til innhold
X
Innhald

DVD-spelar

DVD-spelar er ei avspelingsmaskin for DVD-ar.

I motsetning til ein CD‑spelar, som bruker ein laserstråle med låg energi, er laseren i ein DVD‑spelar høgenergetisk. Det gjer at han har skarpare fokus og større oppløysingsevne, det vil seie at han kan skilje kortare og meir tettliggjande fordjupingar i overflata enn det laseren i CD‑spelaren er i stand til. 

Det er grunnen til at DVD‑en har større lagringskapasitet. Vanlege CD‑ar kan spelast på ein DVD‑spelar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.09.2018
Sist oppdatert: 18.09.2018