Hopp til innhold
X
Innhald

GIF

GIF, Graphics Interchange Format, eit format for grafikk som blir lagd ut på internett. 

GIF behandlar 256 fargar og fører ikkje til tap av informasjon i biletet (i motsetning til JPEG). Formatet eignar seg til bilete med få fargar, svart/kvitt-bilete, strek- og tekstillustrasjonar. Dei eignar seg også ved transparens, det vil seie ved bakgrunnsfarge som viser igjennom biletet. GIF kan òg brukast ved animasjonar. GIF-formatet er eigd av det amerikanske dataselskapet Unisys. Sjå også PNG og JPEG.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018