Hopp til innhold
X
Innhald

Grensesnitt

Grensesnitt, eit kontaktpunkt, ein overgang eller ei grense mellom to system eller einingar.

Eit grensesnitt er spesifisert ved fysiske eigenskapar for tilkoplingspunkta, signalkarakteristikkar og funksjonelle eigenskapar for dei samankopla systema. Grensesnitt blir ofte brukt feilaktig om utstyr som gjer det mogleg å kople saman to utstyrstypar, til dømes ei datamaskin og ein skrivar. I den tydinga bør ein bruke tilpassing eller tilpassingsutstyr. 

Brukargrensesnitt blir brukt om den måten utstyret eller programmet framstår på for brukaren.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.09.2018
Sist oppdatert: 18.09.2018