Hopp til innhold
X
Innhald

HD DVD

HD DVD, eit optisk lagringsformat for data, utvikla mellom anna av det japanske teknologiselskapet Toshiba. 

HD DVD var det eine av to konkurrerande «neste-generasjons medium», etter CD og DVD, som bruker raudt laserlys. HD DVD var basert på blå-fiolett laserlys, som har kortare bølgjelengd og dermed kan gi større presisjon. Ein 1-lags HD DVD kunne romme 15 GB, ein 2-lags 30 GB. HD DVD blei utvikla til opptak, avspeling og overskriving av data (overskriving, rewriting: 1-lags 20 GB, 2-lags 32 GB kapasitet). HD DVD-utstyr var kompatibelt tilbake med tidlegare format (men tidlegare CD- og DVD-utstyr kan ikkje kan ta HD DVD). Ein konkurrent til HD DVD hade nemninga Blu-ray. I 2008 annonserte Toshiba at dei slutta med all produksjon og utvikling av DVD og tilhøyrande utstyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018