Hopp til innhold
X
Innhald

Holkort

Holkort, eit kort som lagrar informasjon ved at det blir stansa ut hol etter bestemte kodar.

Holkort blei først tekne i bruk til styring av ein mønstervevstol (Jacquard 1804). Plasseringa av hola gav informasjon til vevstolen om mønsteret på stoffet som skulle vevast. I USA tok Herman Hollerith i bruk holkort som han las av elektrisk ved analysen av resultatet av folketeljinga i 1889. Holkort blei brukte til inn- og utlesing ved elektroniske datamaskinar fram til ca. 1980.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.09.2018
Sist oppdatert: 18.09.2018