Hopp til innhold
X
Innhald

Informasjonskapsel

Informasjonskapsel (engelsk cookie), ei melding frå ein nett-tenar (server) til ein nettlesar (browser), som fortel om aktiviteten til brukaren på ei bestemt nettside. Føremålet er å tilpasse nettsida etter brukaren, og informasjonskapselen blir aktivisert neste gong brukaren oppsøkjer den same sida. Informasjonskapselen blir lagra på den lokale harddisken som ei rein tekstfil og er ikkje farleg for maskina. Han kan derimot innehalde sensitive opplysningar, til dømes kortkodar og liknande som brukaren har gitt til nettsida. 

Brukaren kan som regel avgrense informasjonskapslar i tid eller avvise dei heilt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.09.2018
Sist oppdatert: 18.09.2018