Hopp til innhold
X
Innhald

ISOC

ISOC, The Internet Society, etablert i 1992, ein profesjonsretta, verdsomspennande paraplyorganisasjon som overvaker veksten, utviklinga og bruken av internett, inkludert sosiale, politiske og tekniske spørsmål i samband med internett. ISOC administrerer og for ein stor del finansierer IETF, som er eit sentralt forum for internett-standardar og ikkje ein del av ISOC, men ein eigen organisasjon. 

ISOC har administrative og organisatoriske band til fleire IETF-tilknytte organ, mellom anna IAB (The Internet Architecture Board), IESG (The Internet Engineering Steering Group), IRTF (Internet Research Task Force) og IANA (Internet Assigned Numbers Authority).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2018
Sist oppdatert: 19.09.2018