Java
Java, eit høgnivåspråk utvikla av Sun Microsystems.
Java er særleg retta inn mot å distribuere objekt over datanett. Java blir mykje brukt til å leggje aktive element inn i sider på World Wide Web. Ein spesiell eigenskap er at objekt realiserte i Java, skal kunne fungere identisk på ulike typar datamaskiner.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 19.09.2018