Hopp til innhold
X
Innhald

JPEG

JPEG, Joint Photographis Experts Group, eit standardformat for biletfiler, utvikla for komprimering av fargebilete (behandlar 16 millionar fargar) og gråskalabilete med kontinuerlege overgangar. 

JPEG-formatet kan redusere filene til mindre enn fem prosent av den opphavlege storleiken, avhengig av biletinnhald og kompresjonsgrad. JPEG utelèt informasjon som i liten grad blir oppdaga av det menneskelege auget og er ikkje eigna for strekteikningar og liknande. Bruken av formatet inneber eit val mellom biletkvalitet og filstorleik. Sjå også GIF og PNG.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018