Hopp til innhold
X
Innhald

LAN

LAN, Local Area Network, eit internt høgfarts-kommunikasjonsnett innanfor éin eller eit fåtal bygningar.

Andre kommunikasjonsnett er MAN, Metropolitan Area Network, som er større datanett innanfor eit byområde, og WAN, Wide Area Network, som er langdistansenettverk som også kan omfatte samankopling av fleire nettverk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2018
Sist oppdatert: 19.09.2018