Hopp til innhold
X
Innhald

Mikroprosessor

Mikroprosessor, ei lita brikke med elektroniske komponentar som er bygd slik at det på brikka finst ei styre- og rekneeining, slik som i ei datamaskin. Det var i 1971 at amerikanske ingeniørar greidde å plassere ein mikroprosessor på ei silisiumbrikke, slik at det blei mogleg med masseproduksjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2018
Sist oppdatert: 19.09.2018