Hopp til innhold
X
Innhald

Opne nett

Opne nett, ei nemning for langdistansenett (WAN) som er baserte på standardar. Slike standardar gjer det mogleg å kople saman datanetta til ulike bedrifter eller organisasjonar.

Det å få ulike nett til å snakke saman blir kalla «internetting». Når ulike datanett er kopla saman, oppstår det eit nett av nett. I slike nett kan meldingar, filer og andre typar data overførast fritt mellom bedrifter og organisasjonar. Det finst fleire tekniske måtar å realisere opne nett på. Den løysinga som er mest utbreidd, er internett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2018
Sist oppdatert: 19.09.2018