Hopp til innhold
X
Innhald

Orm (datavirus)

Orm (engelsk worm), blir rekna som ein spesiell type datavirus. 

Ein orm kan forflytte seg frå datamaskin til datamaskin utan medverknad utanfrå ved at han bruker formidlingssystem som allereie finst i datamaskina. Etter at ormen har formert seg i maskina, kan han sende hundrevis eller tusenvis av kopiar av seg sjølv vidare ved hjelp av maskina si adressebok for e‑post eller andre filtransportsystem. Ein orm kan mellom anna føre til at heile nettverk sluttar å fungere, eller at nettverk og maskiner ligg opne for fjernkontrollert misbruk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018