Hopp til innhold
X
Innhald

PNG

PNG, Portable Network Graphics, eit format for grafikk, utvikla som eit patentfritt motstykke til GIF. 

PNG byggjer på tranparenseigenskapane i GIF og tillèt kontroll av opasiteten (evna til å vere gjennomskinleg). På same måten som GIF fører ikkje PNG til tap av informasjon i biletet (i motsetning til JPEG), men formatet kan ikkje brukast ved animasjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018