Hopp til innhold
X
Innhald

RSS

RSS, Really Simple Syndication (også kalla RDF Site Summary eller Rich Site Summary). Systemet kan presentere innhaldsoversikter, ingressar, overskrifter og anna frå nettstader der innhaldet stadig blir endra eller oppdatert, for eksempel bloggar. 

RSS er ein XML-basert teknologi, det vil seie eit sett med standardar som opererer på metadatanivå på internett. Systemet kan presentere innhaldsoversikter, ingressar, overskrifter og anna frå nettstader der innhaldet stadig blir endra eller oppdatert, og dessutan lenkjer til dei same nettstadene. RSS er særleg aktuelt i samband med bloggar, men blir òg brukt av formidlarar av nyhende, diskusjonsforum osv. Den enkelte brukaren må skaffe seg ein RSS-lesar, eller bruke ein nettlesar med ein slik lesar innebygd, og kan då bestille eller abonnere på RSS-stader (RSS feeds). Mange nettstader tilbyr slike tenester.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018