Hopp til innhold
X
Innhald

Sensor

Sensor (av lat. sensus, 'sans'), følar. I biologien og elektronikken er ein sensor ei innretning som reagerer på bestemte påverknader.

I levande organismar fører ein sensor som regel impulsane vidare til det sensoriske nervesystemet. I eit dataanlegg registrerer ein sensor tilstanden på alle viktige punkt og melder frå til sentraleininga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2018
Sist oppdatert: 19.09.2018