Hopp til innhold
X
Innhald

SGML

SGML, Standard Generalized Markup Language, ein ISO-standard (ISO 8879:1986) for strukturering av informasjon. 

SGML definerer ikkje eit sett av markeringskodar, men er eit språk som gjer det mogleg å skreddersy markeringssystem til bestemte føremål. Rollene som innhaldselementa i dokumentet er bygde opp av, får ein system- og applikasjonsuavhengig «merkelapp», og ved å oppgi i kva rekkjefølgje desse elementa får i forhold til kvarandre, blir det bygd ein systemuavhengig mal som dokument av same type følgjer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018