Hopp til innhold
X
Innhald

Skannar

Skannar (engelsk scanner), utstyr som kan lese av eit mønster og framstille det som analoge eller digitale signal.

Ein skannar blir til dømes brukt til å lese bilete inn i ein datamaskin, vanlegvis frå refleksjonsoriginalar (bilete eller tekst på papir). Nokre skannarar har tilleggsutstyr som gjer at dei også kan skanne transparent materiale (negativar eller positivar på film). Ein filmskannar kan berre skanne fotografisk film (farge negativ, svartkvitt negativ eller lysbiletefilm).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2018
Sist oppdatert: 19.09.2018