Hopp til innhold
X
Innhald

URL

URL, Uniform Resource Locator, ei adresse eller ei lokalisering for dokument på World Wide Web (populært kalla Web‑en, verdsveven eller www). 

Ein URL er inndelt i faste sekvensar. Den første delen står for protokollen som skal brukast, den andre delen er domenenamnet, og dei neste delane er katalog- og/eller dokumentnamn. Eit døme på ein URL er https://www.allkunne.no/allkunne/om-allkunne/9/0/. Protokollen, http, er standardprosedyrane for World Wide Web. www.allkunne.no er domenenamnet, det vil eigentleg seie ei IP-adresse til ein tenar (server) knytt til www. Resten er katalognamn og filnamn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018