Hopp til innhold
X
Innhald

World Wide Web (www)

World Wide Web (www), ei teneste som bruker det verdsomspennande internettet som bereteneste. 

Sjølve tenesta artar seg som ei samankopling av ei stor mengd med databasar med multimedie-informasjon (som blir kalla dokument). For å hente opp og vise fram eit slikt dokument må ein bruke ein nettlesar. Dokumenta er koda i eit eige språk, XML (HyperText Markup Language), XML (Extensible Markup Language) og andre, og dei kan innehalde tekst, illustrasjonar, lyd og/eller levande bilete. I tillegg kan dei vere innbyrdes kopla i form av hypertekst, slik at det frå eitt dokument kan refererast til eit anna. Nettlesaren viser hypertekst-koplingane i form av lenkjer. Når brukaren aktiviserer ei slik lenkje, vil nettlesaren laste ned og vise det dokumentet som lenkja refererer til. 

I www‑databasane er det lagra svært store mengder informasjon. Fleire selskap tilbyr kraftige søkjetenester som lettar arbeidet med å finne og hente denne informasjonen. Eit konsortium som heiter W3C (World Wide Web Consortium), er det sentrale organet for den stadige utviklinga av www og spelar ei hovudrolle, saman med IETF (Internet Engineering Task Force), i utviklinga av ulike standardar for internett. W3C tek spesielt for seg formateringsspråk for dokument og data på www.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018