Hopp til innhold
X
Innhald

XML

XML, Extensible Markup Language, er ei tilpassing og forenkling av SGML (Standard General Markup Language), utvikla spesielt for å lette arbeidet med å gjere strukturerte data frå databasar tilgjengelege for presentasjon på World Wide Web utan at strukturen går tapt. 

Som for SGML (og i motsetning til HTML) definerer XML ikkje eit fast sett med markeringskodar, men tilbyr i staden designarar av informasjonssystem eit rammeverk for å definere eigne markeringskodar og ‑strukturar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018