Hopp til innhold
Kjell Opseth, foto frå stortingsperioden 1997—2001. Kjelde: ©Stortingsarkivet/Scanpix.
Kjell Opseth, foto frå stortingsperioden 1997—2001. Kjelde: ©Stortingsarkivet/Scanpix.
X
Innhald

Kjell Opseth

Kjell Olav Opseth, ingeniør, tidlegare statsråd for Arbeidarpartiet. «Hestehandlaren» Opseth viste handlekraft som samferdselsminister ved å få på plass store prosjekt som hovudflyplassen på Gardermoen og ny stamveg mellom Bergen og Oslo.

Kjell Opseth var fødd 2. januar 1936 i Førde i Sogn og Fjordane, og døydde 3. desember 2017 same staden. Etter elektrikarlina ved Sogndal yrkesskule (1955–56), gjekk han Skiensfjordens tekniske fagskole for å verte ingeniør (1959–62). Han arbeidde ei tid som ingeniør og arbeidsleiar, før han i 1966 tok til som installasjonssjef ved Førde kommunale elektrisitetsverk. Frå 1975 til 1985 arbeidde han som installatør og disponent ved A/S NEBB i Førde. I 2001 skipa Opseth sitt eige rådgivingsfirma.

Frå 1966 til 2001 hadde Opseth mange sentrale politiske tillitsverv. Mellom anna var han leiar for Sogn og Fjordane Arbeidarparti (1978–81) og medlem av Arbeidarpartiets landsstyre (1979–85). Frå 1981 til 2001 møtte Opseth fast på Stortinget for Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Dei første periodane var han medlem i energi- og industrikomiteen, før han meir og meir vart ein markant samferdselspolitikar. Opseth var statsråd i Samferdselsdepartementet i Gro Harlem Brundtlands tredje regjering (1990–96). Då Torbjørn Jagland overtok som statsminister i 1996, vart Opseth statsråd for Kommunal- og arbeidsdepartementet (1996–97).

Opseth var kjend som ein pragmatisk og fryktlaus samferdselsminister. «Hestehandlaren» Opseth viste handlekraft ved å skaffe seg alliansar på tvers av partigruppene, og han fekk gjennomført store samferdselsprosjekt i si tid som statsråd. Hovudflyplassen på Gardermoen og stamvegen E16 mellom Bergen og Oslo gjennom den lange Lærdalstunnelen, er gode døme på det. Kjell Opseth var òg statsråden som avvikla telemonopolet i Noreg.

Kjelder

Dag H. Nestegård: Hestehandlaren Kjell Opseth. Oslo 2016

Kjell Opseth, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KO [lesedato 10.3.2017]

Peikarar

Per Ole Lefdalsnes: «Hestehandlaren Kjell Opseth», Fjordabladet 12.12.2016 

Først publisert: 26.07.2017
Sist oppdatert: 03.12.2017