Aksessnett
CEN
CEN (forkorting for European Committee for Standardization, fransk Comité Européen de Normalisation), europeisk organisasjon som arbeider for teknisk standardisering i Europa.
DMT
DMT, forkorting for engelsk Discret Multi Tones, modulasjonsmetode som blir brukt i ADSL- og VDSL-modem.
Fjernskrivar
Forsterkar
Ein forsterkar er eit elektronisk apparat som forsterkar elektriske signal.
Grønt nummer
Grønt nummer er ei teleteneste der den som har nummeret, betalar for teletenesta, medan den som ringjer, betalar ingen eller eventuelt ein redusert takst frå fasttelefonnettet.
IEEE
IEEE er ei forkorting for Institute of Electrical and Electronics Engineers, som er ei USA-basert verdsomspennande foreining av ingeniørar, studentar, forskarar og andre teknologar.
IP-adresse
Ei IP-adresse er ein identifikasjon av ei eining i eit TCP/IP-nettverk.
IP-telefoni
IP-telefoni, metode for overføring av lyd (tale) over Internett.
Krøllalfa
Krøllalfa eller alfakrøll, @, er eit symbol for engelsk at (‘ved, hos’) som blir brukt i e-post.
Mayday
Mikrofon
Mikrofon (av gresk), innretning som set om lydbølgjer til svingingar i ein elektrisk straum.
MMS
MMS er ei meldingsteneste som kan innehalde film, bilete, lyd eller tekst, anten kvar for seg eller i kombinasjon. MMS er ei forkorting for engelsk multimedia messaging service.
Monitor
Monitor (av latin monere, ‘åtvare’), kontinuerleg registrerande kontrollapparat.
MPEG
NMT
NMT var eit heilautomatisk, analogt første generasjons (1G) mobiltelefonsystem som blei utvikla i fellesskap av nordiske teleoperatørar.
Nordvisjon
Nordvisjon, namnet på det nordiske samarbeidet om fjernsynsprogram, som blei sett i gang i 1959.
Pakkesvitsja nett
Pakkesvitsja nett, telenett der informasjonen blir overført i form av datablokker (datapakkar). Eit kjent døme på eit pakkesvitsja nett er Internett.
PIN
PIN (engelsk Personal Identification Number) er ein godt hemmeleghalden sifferkombinasjon (PIN-kode) som ein må taste inn eller lese opp for å identifisere brukaren av ei teneste eller eit apparat.
PLC
Radioamatør
Ein radioamatør er ein person som har fått tildelt radioamatørlisens. I Noreg er det Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) som skriv ut lisensar.
SMS
SMS, tekstmeldingsfunksjon som gjer det mogleg å sende korte meldingar på som regel 160 teikn mellom mobiltelefonar.
SOS
Superheterodynmottakar
Tastafon
Tastafon er ei tidlegare nemning på telefonapparat med tastar i staden for nummerskive.
TCP
TCP er saman med IP den viktigaste protokollen på Internett for informasjonsutveksling.
TCP/IP
Telefaks
Telefaks, teneste for overføring av trykt informasjon, til dømes dokument, brev, teikningar og fotografi med raster.
Telegraf
Ein telegraf er eit apparat som blir brukt til overføring av tekst, signal og teikn.
Telektronikk
Telektronikk, fagleg detaljert tidsskrift innanfor vidt forskjellige aspekt ved telekommunikasjon som blei publisert av Telenor.
Teletorg
Transmisjon
Transmisjon, overføring av informasjon/data mellom brukarar.
VHF
VHF blir brukte i kringkasting av radio- og fjernsynssendingar, som mellom anna DAB og FM.
Videokonferanse
Videokonferanse eller fjernsynskonferanse, audiovisuelt samband mellom brukarar på to eller fleire ulike stader.
Virtuelt privat nett