Hopp til innhold
X
Innhald

Forsterkar

Ein forsterkar er eit elektronisk apparat som forsterkar elektriske signal.

Ein ideell forsterkar gjev att signala i same form, som ein forsterka kopi av inngangssignalet. I realiteten vil ein forsterkar berre vere tilnærma ideell innanfor eit visst frekvensområde, og elles tilføre forvrenging av lydsignalet. I visse tilfelle ønskjer ein ei viss endring av utgangssignalet, til dømes ved diskant- og basskontroll i eit radioapparat. Tidlegare var forsterkarar stort sett baserte på radiorøyret, men sidan transistoren blei funnen opp i 1948, tok den teknologien i stor grad over.

Forsterkarar av heilt andre konstruksjonar blir nytta i ei rekkje mekaniske innretningar, til dømes bremseforsterkarar på en bil, der vakuumet i innsugingsmanifolden til motoren blir brukt til å forsterke pedaltrykket.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2019
Sist oppdatert: 04.12.2019