Hopp til innhold
X
Innhald

Grønt nummer

Grønt nummer er ei teleteneste der den som har nummeret, betalar for teletenesta, medan den som ringjer, betalar ingen eller eventuelt ein redusert takst frå fasttelefonnettet.

 Ved samtalar frå mobilnettet er det operatøren som avgjer kostnaden. Grønt nummer er mykje brukt av firma som vil yte service til kundane sine. Det er også kjent som 800-nummer. Slike nummer kom først til USA og blei seinare også innførte i Noreg.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019