Hopp til innhold
X
Innhald

IEEE

IEEE er ei forkorting for Institute of Electrical and Electronics Engineers, som er ei USA-basert verdsomspennande foreining av ingeniørar, studentar, forskarar og andre teknologar.

Foreininga har over 420 000 medlemmer i meir enn 160 land (2019). Ho blei danna i 1963 som ei samanslåing av AIEE (American Institute of Electrical Engineers, grunnlagt i 1884) og IRE (Institute of Radio Engineers, grunnlagt i 1912). 

IEEE gir ut ei mengd vitskaplege tidsskrift og andre faglege publikasjonar, og har fleire millionar vitskaplege dokument i biblioteket sitt på nettet. Organisasjonen er ein anerkjend sponsor for vitskaplege fagkonferansar innanfor mellom anna elektronikk og informasjonsteknologi. Foreininga har vore viktig i utviklinga av internasjonale standardar, mellom anna i dataindustri og telekommunikasjon, IEEE har meir enn 1000 aktive standardar (inkludert til dømes IEEE 802 for trådlause nettverk) og fleire hundre nye er under utvikling.

Den norske seksjonen blei stifta i 1963, det same året som hovudorganisasjonen.

Kjelder 

 «Om IEEE», ieee.org: https://www.ieee.org/about/ [lesedato 23.5.2019] «IEEE Norway Section», ieee.no: https://www.ieee.no/about/ [lesedato 23.5.2019]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019