Hopp til innhold
X
Innhald

IP-adresse

Ei IP-adresse er ein identifikasjon av ei eining i eit TCP/IP-nettverk.

I eit slikt nettverk blir data overførte basert på adresse. Sjølve IP-adressa er delt i talgrupper, byte, på 8 bit, der ein bit er anten 0 eller 1. Det vil seie at kvar gruppe uttrykkjer eit vanleg tal mellom 0 og 250. Til dømes kan 217.199.60.12 vere ei IP-adresse. Ein del av adressa identifiserer nettverket, og ein annan del viser til ein bestemt server.

IP-versjon 4 (IPv4) er den mest utbreidde protokollen på Internett. Ei IPv4-adresse er 4 byte (32 bit) lang, og talet på adresser er avgrensa til 232, eller noko over 4 milliardar. I 1995 blei versjon 6 (IPv6; RFC 2460) med 16 byte (128 bit) lange adresser lansert. IPv6 er sidan oppdatert, og frå 2000-talet har denne protokollen vore på veg inn og brukt parallelt med IPv4. Talet på moglege adresser i IPv6 er 2128. Det er eit enormt, i praksis uavgrensa tal.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019