Hopp til innhold
X
Innhald

IP-telefoni

IP-telefoni, metode for overføring av lyd (tale) over Internett. 

Lyden blir omforma frå analog til digital form i ein PC, smarttelefon eller liknande før informasjonen blir pakka med IP-protokollen og transportert over Internett. Nokre døme på tenester som nyttar IP-telefoni, er Skype, WhatsApp og Facebook Messenger.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019