Hopp til innhold
X
Innhald

Krøllalfa

Krøllalfa eller alfakrøll, @, er eit symbol for engelsk at (‘ved, hos’) som blir brukt i e-post.

Krøllalfaen blir brukt for å skilje namnet til adressaten eintydig frå domenenamnet, til dømes i adressa kari.nordmann@domene.no

Opphavet til krøllalfaen er omdiskutert, og bruken og tydinga har variert, men krøllalfaen går truleg langt tilbake i historia. Krøllalfaen fekk rolla si som skiljeteikn i e-postadresser då den amerikanske ingeniøren Ray Tomlinson brukte symbolet i den første e-posten i historia, som blei send over ARPANET i 1971.

Peikarar

Les meir om den første e-posten og valet av @ som deleteikn på bloggen til Ray Tomlinson: http://openmap.bbn.com/~tomlinso/ray/home.html

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2019
Sist oppdatert: 04.12.2019