Hopp til innhold
X
Innhald

NMT

NMT (forkorting for Nordisk MobilTelefon) var eit heilautomatisk, analogt første generasjons (1G) mobiltelefonsystem som blei utvikla i fellesskap av nordiske teleoperatørar.

NMT blei det første mobilnettet i verda som støtta internasjonal roaming. Nettet opna i Noreg i 1981, omtrent samtidig som i dei andre nordiske landa. Teknologien blei også teken i bruk i fleire land utanfor Norden.

Nettet brukte 450 MHz-bandet, der frekvenstildelinga gjorde det mogleg å bruke 180 kanalar med kanalseparasjon på 25 KHz. I 1986 blei også 900 MHz-bandet teke i bruk, og det gav støtte for langt fleire telefonkanalar. NMT-900 var i drift i fram til 2001, og NMT-450 var i bruk ut 2004.

Kjelder

Telenor: «30 år siden mobileventyret startet», https://www.telenor.com/no/30-ar-siden-mobileventyret-startet/ [lesedato 22.11.2018]

Først publisert: 04.12.2019
Sist oppdatert: 04.12.2019