Hopp til innhold
X
Innhald

PIN

PIN (engelsk Personal Identification Number) er ein godt hemmeleghalden sifferkombinasjon (PIN-kode) som ein må taste inn eller lese opp for å identifisere brukaren av ei teneste eller eit apparat.

PIN-kodar blir gjerne brukte i samband med eit magnet- eller smartkort for å gjennomføre (betalings)tenester og ha tilgangskontroll med rom eller elektronisk utstyr, slik at berre godkjende brukarar får tilgang til det. Eit anna døme på bruk er mobiltelefonar, som kan krevje at brukaren låser opp telefonen ved å taste inn rett PIN-kode.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019