Hopp til innhold
X
Innhald

Radioamatør

Ein radioamatør er ein person som har fått tildelt radioamatørlisens. I Noreg er det Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) som skriv ut lisensar.

Tidlegare var det Post- og teletilsynet som skreiv ut lisensar, og det var tre lisensklassar, men desse er no slått saman til éin. For å få lisens må ein greie ei radioamatørprøve. Ein betalar eit årleg gebyr for å føre lisensen vidare.

I 2018 var talet på lisensierte norske radioamatørar om lag 6100. Norske radioamatørar har som regel kallesignal med LA eller LB som prefiks framfor eit tal og éin, to eller tre bokstavar. I enkelte norske territorium, til dømes på Svalbard eller Jan Mayen, blir det brukt andre prefiks. Organisasjonen for norske radioamatørar er Norsk Radio Relæ Liga (NRRL), som blei stifta i 1928.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2019
Sist oppdatert: 04.12.2019