Hopp til innhold
X
Innhald

Tastafon

Tastafon er ei tidlegare nemning på telefonapparat med tastar i staden for nummerskive. 

I Noreg blei tastafonen standardutstyr hos Televerket i slutten av 1970-åra. Dei fleste modellane blei produserte av Elektrisk Bureau i tidsrommet 1975–87. Modellane varierte stort, frå formstøypte plastkassar til eksklusive apparatkassar som var utskorne i edeltre.

Tastafonen fungerer ved at eit tastetrykk genererer ein kombinasjon av to tonar. Denne kombinasjonen brukar telefonsentralen til å identifisere kva tast som blir trykt. Denne måten å signalisere tastetrykk på blir kalla DTMF (dual tone multi frequency).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019