Hopp til innhold
X
Innhald

TCP

TCP er saman med IP den viktigaste protokollen på Internett for informasjonsutveksling.

TCP er ei forkorting for engelsk Transmission Control Protocol, ein IP-pakke med informasjon får tillagt nye funksjonar av TCP-protokollen, som gir mottakaren høve til å oppdage feil og manglande datapakkar, slik at dei kan sendast på nytt. Protokollen skildrar også korleis pakkar skal sendast på nytt for å unngå at nettverket blir overbelasta. Dette sikrar feilfri informasjonsutveksling.

TCP/IP tyder at begge protokollane, både TCP og IP, er i bruk, i tillegg til nokre mindre protokollar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019