Hopp til innhold
X
Innhald

TCP/IP

TCP/IP, samling protokollar for kommunikasjon på Internett. Hovudprotokollane i TCP/IP er TCP og IP. TELNET (engelsk, danna av tele og nett) er også med i TCP/IP.

Protokollane i TCP/IP skildrar korleis ein kan kople saman ulike nett til eit stort felles nettverk (IP), og korleis brukarane kommuniserer på ein påliteleg måte over nettverket (TCP).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019