Hopp til innhold
X
Innhald

Telefaks

Telefaks, teneste for overføring av trykt informasjon, til dømes dokument, brev, teikningar og fotografi med raster. Telefaksapparatet kan knytast til eit eksisterande telefonabonnement, og overføringa nyttar telefonnettet. Tenesta er internasjonalt standardisert. Telefaks blei teke i bruk i Noreg i 1981. I mange land er telefaks i dag ein utgåande teknologi. 

Først publisert: 04.12.2019
Sist oppdatert: 04.12.2019