Hopp til innhold
X
Innhald

Telegraf

Ein telegraf er eit apparat som blir brukt til overføring av tekst, signal og teikn.

Telegrafen kan anten vere basert på mekanisk (til dømes på ein maskintelegraf om bord i skip), optisk (semaforering med flagg, lys osv.) eller elektrisk overføring.

Elektrisk telegrafi skjedde først i større skala ved sending av straumimpulsar som blei registrerte av mottakaren ved hjelp av ei kompassnål. Den første brukbare modellen kom i 1837. Men alt i 1835 hadde Samuel Morse konstruert sitt elektromagnetiske apparat. Sendarfarten er sjeldan høgare enn 120 teikn per minutt, som ikkje er raskt nok for større trafikk. Derfor blei det frå 1880-åra teke i bruk maskintelegrafar med ein fart på opptil 600 teikn per minutt.

Telegrafen er avvikla, men radiotelegrafi er framleis relevant, mellom anna for radioamatørar.

Først publisert: 04.12.2019
Sist oppdatert: 04.12.2019