Hopp til innhold
X
Innhald

Videokonferanse

Videokonferanse eller fjernsynskonferanse, audiovisuelt samband mellom brukarar på to eller fleire ulike stader. Lyd og bilete blir kombinert slik at ein kan gjennomføre møte sjølv om deltakarane er plasserte på geografisk åtskilde stader. Lyd- og biletstraumen kan med digital koding overførast i sanntid over Internett eller eit intranett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.12.2019
Sist oppdatert: 04.12.2019